Kyr frå bås til lausdrift

Eit bilde som viser utvendig lausdriftsfjøs, himmel og gras.
Lausdriftsfjøs med 28 båsplassar er godt tilpassa strukturen i Vestland. Foto: Knut Olav Øvreeide, TINE.

I Vestland er det no 585 fjøs der mjølkekyrne står på bås. Desse har i snitt ein mjølkekvote på 98 tonn. Gjennom Storfeprosjektet i Vestland vert det arbeidd målretta for at flest mogleg av desse skal leggje om til lausdrift.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 06.03.2023

Det er ei stor utfordring å skaffe nok inntekt på mjølkebruka, slik at dei kan byggje om til lausdrift. Auka investeringsstøtte har vore heilt naudsynt, og etter jordbruksoppgjeret 2022 er det no på plass. Men det må også vere nok inntekt til å betale investeringa, og då må mjølkebruka som hovudregel auke produksjonen. I Vestland må føretak med båsfjøs difor kjøpe eller leige kvote.

Mange små

Dei lausdriftsfjøsa som vart planlagde i Vestland det siste året hadde i snitt 28 båsplassar og ein kvote kring 250 tonn. Alle desse har auka ressursgrunnlaget vesentleg for å kunne ta investeringa. Tabell 1 viser tal kyr per føretak i Vestland for gruppa 1-20 kyr. Dette er i all hovudsak båsfjøs, og utgjorde 60 prosent av mjølkebruka i 2021. Her ser vi at 198 føretak har opp til 11 kyr, 239 føretak har mellom 11 og 15 kyr og 200 føretak har mellom 16 og 20 kyr.

Tabell 1: Tal mjølkekyr per føretak og stipulert kvote for mjølkebruk i Vestland 2021. Kjelde: Landbruksdirektoratet.

Tal mjølkekyr  Tal føretak  Stipulert kvote
1-10 198 30-70 tonn
11-15 239 70-100 tonn
16-20 200 100-150 tonn

Bonden vel sjølv

Eldre fjøs kan verte ein del av eit framtidig lausdriftsfjøs. Då vert det ofte bygd ei ny avdeling for mjølkekyrne. Men det er også mange som vel å byggje heilt nytt, fordi dei ikkje finn gode løysingar i kombinasjon med det gamle fjøset. Dette må vere bonden sitt eige val. Nye fjøs sikrar eit godt miljø for dyra som skal leve der, og eit godt arbeidsmiljø for bonden. For å få ein lettare og meir fleksibel arbeidskvardag vel dei fleste løysingar med mjølkerobot.

Vestland er på rett veg

I 2022 kom 62 prosent av mjølka frå lausdriftsfjøs der ni av ti mjølkeliter kjem frå ein mjølkerobot, men framleis kjem 38 prosent av mjølka frå båsfjøs. Dei neste 10 åra må det kvart år byggast minst 20 nye fjøs for å nå målet om lausdrift for alle. Sjølv med eit slikt ambisiøst mål vil mange produsentar slutte med mjølk, men det gjev samstundes grunnlag for at andre kan investere for framtida.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.