Hugs bandtvang

Frå 1. april til 20. august er det ordinær bandtvang i heile landet, av omsyn til vilt, husdyr og andre turgåarar. Mange kommunar har eigne forskrifter med utvida bandtvang, og hundeeigar har ansvar for å vite kva datoar som gjeld der dei går tur.
Dei fleste hundeeigarar er flinke til å halde bandtvangen, men lause hundar i utmarka er diverre eit aukande problem. Møte mellom hundar og beitedyr kan føre til svært alvorlege episodar. Søyer og lam kan bli skilde frå kvarandre, noko som påverkar overlevings- og tilvekstevna hjå avkommet og helsetilstanden til mordyret. Dyra kan òg bli jaga på vatn eller utfor skrentar, eller dei vert bitt og drepne. Dei same problema og skadane kan påførast vilt som vert forstyrra i yngletida, alt frå godt kamuflerte fuglereir til større pattedyr.
Bandtvangen gjeld uavhengig av om hundeeigar kan sjå beitedyr eller vilt i turområdet eller ikkje. Den gjeld også gjetarhundar som ikkje utfører oppdrag.
Meld ifrå til politiet på telefon 02800 dersom du ser noko som gjer at du fryktar det kan oppstå uønska hendingar.
