Grupperettleiing LIS1 dag 1 og 2
- Dato:
- 15. april 2026 08:30 - 16. april 2026 14:30
- Stad:
- Quality Hotel Sogndal
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- LIS1 i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 24. mars 2026 23:59
Grupperettleiinga er eit fagleg supplement til supervisjon og individuell rettleiing i del 1 i kommunane og skal sikra kvaliteten i tenesta.
Publisert 11.03.2026, Oppdatert 11.03.2026
Du finn program for samlinga under «Dokument».
Ver merksam på at det er eiga påmelding til kurs i offentleg helsearbeid: Kurs i offentleg helsearbeid LIS1
Obligatorisk førebuing
Alle må høyre minst ein episode av podkurset og orientera seg om det som står på Helsedirektoratet sine sider om dialog og forventningsavklaring
Reiseutgifter
Reiseutgifter vert dekt etter billegaste reisemåte. Vi dekker ikkje flyreiser, reisetid, nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå rettleiar for utfylling av reiserekning, som du finn under «Dokument».
Overnatting
Statsforvaltaren ordnar med og dekkjer overnatting for dei som har krav på det. Vi dekker ikkje overnatting for LIS1 i Sogndal og Luster.
Samlinga startar tidleg onsdag, så dei med lang reiseveg kan koma kvelden før. Vi dekkjer ikkje overnatting dagen før samlinga for kommunane Årdal, Aurland, Lærdal, Sogndal, Luster, Vik, Høyanger, Gloppen og Sunnfjord.
Vi gjer merksam på at dersom du hakar av for overnatting, og ikkje har krav på å få det dekka, så må du betale ved utsjekk.
Vi bestiller overnatting på Quality Hotel Sogndal for dei som har krav på det. Overnattingen er på same hotell som samlinga går føre seg. Stadfestinga du får tilsendt på e-post når du har meldt deg på, er også stadfesting på at vi bookar overnatting for deg. Du vil ikkje få noko meir informasjon om overnatting, ut over dette.
Det vert felles middag for alle onsdag og torsdag.
Personvern
Ved å melda deg på denne samlinga samtykkjer du til at namn og kontaktinformasjon kan bli delt med hotellet. Les meir om personvern og nettryggleik under «Lenkjer».
- Dato:
- 15. april 2026 08:30 - 16. april 2026 14:30
- Stad:
- Quality Hotel Sogndal
- Arrangør:
- Statsforvaltaren i Vestland
- Målgruppe:
- LIS1 i Vestland
- Påmeldingsfrist:
- 24. mars 2026 23:59