Leve heile livet-konferanse på Skei

Dato:
27. oktober 2022 09:30 - 15:30
Stad:
Thon Hotel Jølster, Skei
Arrangør:
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland
Målgruppe:
tilsette, politikarar og eldreråd i kommunane, fylkeskommunen, frivillige organisasjonar, helseføretak, næringslivet
Påmeldingsfrist:
9. oktober 2022 23:59

«Frå samarbeid til samskaping», er temaet for konferansen som blir arrangert på Skei 27. oktober. Vi ser at ikkje alle kommunane har fått meldt seg på, så vi har utvida fristen til 9. oktober. Vi dekker dagpakke for inntil fire personar frå kvar kommune.

Publisert 29.06.2022, Oppdatert 25.10.2022

Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland arrangerer to Leve heile livet-konferansar i haust. Konferansane blir arrangert 27. oktober på Skei og 9. november i Bergen. Programmet for dei to konferansane blir likt. Ved å følgje denne lenkja får du meir informasjon om og kan melde deg på konferansen i Bergen.

Frå samarbeid til samskaping

På konferansen vil du mellom anna få meir informasjon om korleis reforma og nasjonale satsingar kan støtte opp under utviklinga av samskapande prosessar i kommunane, døme på korleis ein kommune har jobba med samskaping, KS sitt nye framtidsverktøy og tryggleiksstandarden. Korleis næringslivet og kommunane kan jobbe i lag blir også tema, før vi avsluttar med ein kafédialog.

Programmet finn du under «Dokument».

Påmelding 

For å delta på konferansen, må du melde deg på via skjemaet nedst på denne sida. Prioritert målgruppe for konferansen er tilsette i kommunane. Vi oppmodar kommunane om å stille med deltakarar frå ulike fagområde, eldreråd og politikarar. Kommunane kan melde seg på med inntil fire personar kvar.  

Vi har 100 plassar på konferansen på Skei. Statsforvaltaren dekker dagpakke for deltakarane. Påmelding er bindande, og påmeldingsfristen er 2. oktober. Dersom du ikkje møter, eller ikkje melder deg av før fristen, blir du fakturert for dagpakke.

Ved å melde deg på denne samlinga, samtykker du samtidig til at vi deler informasjonen din med konferansehotellet og samarbeidspartar. Les meir om personvern under «Lenkjer».

Dato:
27. oktober 2022 09:30 - 15:30
Stad:
Thon Hotel Jølster, Skei
Arrangør:
Det regionale støtteapparatet for Leve heile livet i Vestland
Målgruppe:
tilsette, politikarar og eldreråd i kommunane, fylkeskommunen, frivillige organisasjonar, helseføretak, næringslivet
Påmeldingsfrist:
9. oktober 2022 23:59

Kontaktpersonar