Rådgjevande eining i russaker

Dato:
13. september 2022 09:00 - 11:30
Stad:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Korus Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
8. september 2022 23:59

Statsforvaltaren i Vestland inviterer i samarbeid med Korus Bergen interesserte kommunar til eit digitalt informasjonsmøte den 13. september 2022 frå klokka 09.00 – 11.30.

Publisert 29.06.2022

Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan  organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg.

Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon. Dette omfattar også å gjennomføre ein ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.

I samband med  den varsla førebyggings- og behandlingsreforma som Regjeringa vil innføre frå 2023 er det varsla at dei rådgjevande einingane kan verte pålagt fleire oppgåver.

Les meir i informasjonsskrivet frå Helsedirektoratet,og i nyhendesak hos Regjeringa. 

For å delta på samlinga må du melde deg på via skjemaet under. Lenkje til Teams-møte blir sendt ut seinast dagen før møtet.

Påmeldingsskjema