Rådgjevande eining i russaker

Dato:
13. september 2022 09.00 - 11.30
Sted:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Korus Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
8. september 2022 23.59

Statsforvaltaren i Vestland inviterer i samarbeid med Korus Bergen interesserte kommunar til eit digitalt informasjonsmøte den 13. september frå klokka 09.00 – 11.30.

Publisert 29.06.2022, Oppdatert 10.10.2022

Frå 1. juli 2022 er kommunane pålagt å ha rådgjevande eining for russaker. Eininga kan  organiserast slik kommunen sjølv meiner det er tenleg.

Eininga skal ha ansvaret for å møte personar når oppmøte er sett som vilkår for ein bestemt strafferettsleg reaksjon. Dette omfattar også å gjennomføre ein ruskontroll dersom dette er sett som vilkår.

I samband med  den varsla førebyggings- og behandlingsreforma som Regjeringa vil innføre frå 2023 er det varsla at dei rådgjevande einingane kan verte pålagt fleire oppgåver.

Les meir i informasjonsskrivet frå Helsedirektoratet (oppdatert 10. oktober 2022),og i nyhendesak hos Regjeringa. 

For å delta på samlinga må du melde deg på via skjemaet under. Lenkje til Teams-møte blir sendt ut seinast dagen før møtet.

Program for møtet

09.00 - 09.10 Velkomen, Statsforvaltaren i Vestland
09.10 - 10.00 

Innlegg frå to kommunar om korleis dei har organisert rådgjevande eining

  • Kinn kommune ved Erik Onstad, leiar for rus- og psykiatritenesta (10-15 minutt)
  • Bergen kommune ved Steinar Skaug, tiltaksleder Tidlig Ute og Rådgivende enhet for russaker, Enhet for Barnevernvakten, Utekontakten, Fosterhjemsveiledning- og tilsyn (15 minutt)

Vi opnar for spørsmål i etterkant.

10.00 - 10.15 Pause
10.15 - 10.45 Meir om rådgjevande eining, ved Else Kristin Utne Berg i KORUS 
10.45 - 11.30 Spørsmål og svar

 

Dato:
13. september 2022 09.00 - 11.30
Sted:
Teams - lenkje blir sendt påmelde deltakarar
Arrangør:
Statsforvaltaren i Vestland og Korus Bergen
Målgruppe:
Leiarar med ansvar for kommunens rådgjevande eining for russaker, tenesteleiarar for rus og psykisk helse, leiar for sosiale tenester i Nav, leiar barnevern og leiar for helsestasjons- og skulehelsetenesta
Påmeldingsfrist:
8. september 2022 23.59