Vil du lære meir om korleis du møter barn og ungdom som strevar med sjølvmordstankar?

Dato:
21. mai 2021 12:30 - 15:00
Stad:
Teams - lenke blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i kommune som jobbar med barn og ungdom

RVTS Vest og Statsforvaltarane i Rogaland og Vestland inviterer til digital fagdag om dette viktige temaet. 

Publisert 27.04.2021, Oppdatert 06.05.2021

Under finn du program for fagdagen.

Tid

Tema

Førelesar

12.30 - 12.55

Korleis kan ein førebygge sjølvmord og sjølvskading?

Åse Mattson og Gudrun Austad

13.00 - 13.25

Teieplikt og informasjonsutveksling

Turid Måseide

13.30 - 13.55

Kva gjer ein dersom ein er bekymra?

Åse Mattson og Gudrun Austad

14:00 - 14.25

Livet på Timeplanen 

Annie Norevik

14.30 - 14.55

Kven gjer kva? Samarbeid mellom kommune og spesialisthelseteneste

Ester Espeset

Om føredragshaldarane:

Åse Mattson, psykolog ved RVTS Vest
Gudrun Austad, psykiatrisk sjukepleiar ved RVTS Vest
Turid Måseide, seniorrådgjevar ved Statsforvaltaren i Vestland
Annie Norevik, psykiatrisk sjukepleiar ved RVTS Vest
Ester Espeset, psykologspesialist og prosjektleiar for Barn og unges helsetjeneste - BUP Haugesund

I etterkant av fagdagen vil vi gje ut refleksjonsoppgåver som de kan nytte på eigen arbeidsplass for å drøfte ulike problemstillingar knytt til oppfølging av sjølvmordsproblematikk. Vi oppmodar fleire tilsette frå same arbeidsplass om å følgje den digitale fagdagen saman, og å setje av tid til drøftingar dette i etterkant av samlinga.

Fagdagen er gratis. Her kan du melde deg på fagdagen. Påmeldingsfrist er 18. mai klokka 12.00. 

Dato:
21. mai 2021 12:30 - 15:00
Stad:
Teams - lenke blir sendt til påmelde deltakarar
Arrangør:
RVTS Vest, Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvaltaren i Rogaland
Målgruppe:
Tilsette i kommune som jobbar med barn og ungdom

Kontaktpersonar