Statsbudsjettet for 2024

Regjeringa Støre har i dag lagt fram Statsbudsjettet for 2024. Veksten i frie inntekter er noko høgare enn det som vart varsla i kommuneproposisjonen, avdi anslaget for meirkostnader til demografi og pensjon no er høgare. 

Publisert 06.10.2023

Pårekna vekst i frie inntekter for kommunane i Vestland frå anslag rekneskap 2023 til framlagt statsbudsjett 2024 er 4,5 prosent, medan snittet for landet er 4,7 prosent. For Vestland ligg 20 kommunar likt eller over veksten for landet og 23 kommunar under. Anslag på deflator er sett til 4,3 prosent for 2024.

Veksten i frie inntekter vil variere mellom kommunane. Årsaker som påverkar kommunane ulikt frå år til år er folketal og alderssamansetjing, endringar i inntektssystemet eller andre kriteriedata, skjønnstilskot, veksttilskot, distriktstilskot/småkommunetillegg, eller skattegrunnlaget.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.