Skjønnsmidlar til ekstra utgifter knytt til koronapandemien

Fylkesmannen har fordelt til saman 68 mill. kroner i skjønnsmidlar til kommunane i Vestland. Midlane utgjer 23,7 mill. kroner som følgje av ekstra utgifter knytte til koronautbrotet og 44,5 mill. kroner etter gjennomførte smittevernstiltak.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.10.2020

Fylkesmannen i Vestland fekk i vår tildelt 47,4 mill. kroner av departementet til kompensasjon for kommunane etter ekstra utgifter knytte til koronautbrotet. Av desse vart halvdelen fordelt og utbetalt til kommunane i mai. Resterande midlar er no fordelte til kommunane etter:

  • innbyggjartal
  • per kommune
  • kommunanes rapporterte ekstra utgifter
  • samla skjønnsvurdering.

Skjønnsmidlar på 44,5 mill. kroner til smittevernstiltak er fordelt etter:

  • innbyggjartal
  • kommunanes rapporterte ekstra utgifter
  • Folkehelseinstituttets smittetal per 1000 innb. per 2. oktober
  • samla skjønnsvurdering

Meir informasjon om tildelinga finn du i vedlagde brev.

Stortinget har løyvd nye 500 mill. kroner i skjønnsmidlar til oppfølging av TISK-strategien (testing, isolering, smittesporing og karantene) i kommunar med store koronautbrot. Av desse midlane har Kommunal- og moderniseringsdepartementet tildelt 85 mill. kroner til Vestland. Fylkesmannen skal fordele midlane innan 1. desember.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.