Osterøy kommune innmeld i Robek

Osterøy heradsstyre har vedteke ein økonomiplan med ubalanse/meirforbruk frå 2021. Kommunen er derfor innmeld i Robek (Register om betinga godkjenning og kontroll) etter kommunelovas § 28-1, bokstav B (driftsdelen i økonomiplanen er vedteken med eit meirforbruk).

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 18.03.2020

Osterøy heradsstyre har vedteke eit budsjett for 2020 med eit meirforbruk på 5,5 mill. kroner, som blir dekt inn ved bruk av disposisjonsfond. Økonomiplanen viser meirforbruk/ubalanse i år 2021 på 18,9 mill. kroner og 7,2 mill. kroner i 2023. Det betyr at mindreforbruket som kjem fram i år 2022 heller ikkje er realistisk, sidan det ikkje føreligg plan for korleis meirforbruket i 2021 skal dekkast inn. Kommunen greier ikkje å dekke inn det totale meirforbruket/ubalansen i planperioden ved hjelp av disposisjonsfond, utan samstundes å gjere andre tiltak.

  • Osterøy kommune er derfor innmeldt i Robek (Register om betinga godkjenning og kontroll) med verknad frå 9.03.2020. Kommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjett, låneopptak og langsiktige leigeavtalar.
  • Osterøy heradsstyre må vedta ein tiltaksplan som skal sikre at økonomien kjem i balanse og at alt meirforbruk vert inndekka. Tiltaksplanen må seinast vedtakast innan 30. juni 2020.
  • Fylkesmannen godkjenner ei låneramme på totalt 105 mill. kroner.

 

Sjå brev til kommunen til høgre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.