Kostra-rapportering for 2022

Kommunane, interkommunale selskap og samarbeid og kommunale føretak, skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2023.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 30.11.2022

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2023. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, er 16. januar 2023.

For rapportering av dei øvrige tenestedata, unnateke skjema 4B (heimetenester), er fristen 15. februar 2023. Rapportering av rekneskapsdata er sett til 22. februar 2023.

Skjema 4 B - utgifter til heimetenester - er eit nytt skjema med rapporteringsfrist 17. april 2023.

Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal likevel sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet, og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i dei vedlagde breva frå Kommunal- og distriktsdepartementet og Statistisk sentralbyrå, til høgre i artikkelen. I brevet frå departementet finn de og lenke til Rettleiaren til kontoplanen i Kostra, og endringar i enkelte funksjonar og artar.

Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste. Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon 62 88 51 70.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.