Kostra-rapportering for 2020

Kommunane, interkommunale selskap og kommunale føretak skal rapportere elektroniske skjema og filuttrekk til Statistisk sentralbyrå (SSB) innan 22. februar 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 05.11.2020

Frå og med rekneskapsåret 2020 skal også kommunens konsoliderte årsrekneskap, og årsrekneskap til interkommunale politiske råd og kommunale oppgåvefellesskap rapporterast.

Elektronisk rapportering kan skje frå og med 2. januar 2021. Frist for rapportering av helse- og omsorgstenester, helse- og omsorgsinstitusjonar, sosialhjelp, kvalifiseringsstønad og barnevern, er sett til 15. januar 2021.

For rapportering av resterande tenestedata er fristen 15. februar, og for rapportering av rekneskapsdata er fristen sett til 22. februar 2021.

Kommunar som ikkje har bestemte ordningar, for eksempel kvalifiseringsstønad eller eigedomsskatt, skal sende inn det aktuelle Kostra-skjemaet og krysse av for at det ikkje er noko å rapportere. Dette for at SSB skal få oversikt over kven som har rapportert og for å estimere korrekte summar på regions- og landsnivå.

Meir informasjon om rapporteringa finn de i brev frå SSB frå 1. november 2020, sjå vedlegg til høgre i artikkelen. Det er og sendt brev til fylkeskommunar, til IKS og kommunale oppgåvefellesskap frå same dato. Til høgre finn de lenker til brev og informasjon, og oversikt over skjema for 2020-rapporteringa.

Treng du hjelp i samband med rapporteringa har SSB si eiga brukarteneste.
Spørsmål kan stillast til: kostra-support@ssb.no eller til telefon nr. 62 88 51 70.

Departementet har på bakgrunn av ny kommunelov fastsett ny Kostra-forskrift frå 2020. Som følge av dette kjem det endringar både i funksjons- og artskontoplanen.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.