Kontroll av kommunanes budsjett og økonomiplanar

Alle kommunestyra skal innan årskiftet vedta eit årsbudsjett for 2021 og ein økonomiplan fram til 2024. Etter at vedtaka er gjort, skal budsjett og økonomiplan sendast til Fylkesmannen for gjennomgang og kontroll. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 07.12.2020

Kommunane må følgje kommunelova med forskrifter når dei vedtek årsbudsjett og
økonomiplanar. For alle kommunane kontrollerer vi at budsjett og økonomiplan er i balanse, og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar. For kommunar som er registrerte i Robek (register om betinget godkjenning og kontroll) gjer Fylkesmannen i tillegg ein grundigare gjennomgang av planane. Fylkesmannen skal for desse kommunane godkjenne låneopptaket som kommunestyret har vedteke for budsjettåret.

For budsjett og økonomiplan skal ein kommune registrerast i Robek dersom vedtaka til
kommunestyret har ein eller fleire av følgjande manglar:

  • driftsbudsjettet for 2021 har ikkje alle utgifter dekka inn (ubalanse)
  • driftsdelen av økonomiplanen har ikkje alle utgifter dekka inn
  • driftsdelen i økonomiplanen eller driftsbudsjettet for 2021 viser at eit meirforbruk
    (underskot) frå tidlegare år er planlagt dekt inn over fleire enn to år etter at det oppstod.

Ein kommune skal også meldast inn i Robek dersom økonomiplanen eller budsjettet ikkje er
vedteke innan dei fristar som er fastsett i lov og forskrift (31.12), eller innan ein frist som
Fylkesmannen har fastsett etter at økonomiplanen eller budsjettet har blitt oppheva etter ein
lovlegkontroll.

Fullstendige reglar om statleg kontroll av kommunar med økonomisk ubalanse ligg i
kommunelova kapittel 28.

Etter kommunelova skal budsjettet og økonomiplanen vere realistiske, fullstendige og oversiktlege. Dei skal fastsettast på grunnlag av dei inntekter og utgifter som kommunen kan forvente i planperioden. Fylkesmannen presiserer at det først og fremst er kommunestyret som gjennom sitt vedtak har ansvar for at budsjettet og økonomiplanen oppfyller kravet om realisme.

Fylkesmannen kan med heimel i kommunelova § 27-1, etter eige tiltak, ta opp vedtak om budsjett
og økonomiplan til lovlegkontroll. Rettleiaren om lovlegkontroll frå departementet seier at
Fylkesmannen bør nytte sin kompetanse til å kontrollere om kommunale vedtak er lovlege på
eige initiativ med varsemd.

Fullstendige reglar om kommunanes budsjett og økonomiplanar ligg i kommunelova kapittel 14,
og lovlegkontroll i kapittel 27.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.