Høyanger kommune er innmeldt i Robek

I rekneskapen for 2022 hadde kommunen eit meirforbruk som var større enn tre prosent av driftsinntektene, og skal etter dette meldast inn i Robek-registeret.

Publisert 28.08.2023

Høyanger kommunestyre har vedteke eit rekneskap for 2022 der balanserekneskapen til kommunekassen viser eit meirforbruk frå driftsrekneskapen på kr 31,9 mill. kroner, som utgjer seks prosent av driftsinntektene. Etter kommunelova § 28-1, bokstav d, skal kommunar der balanserekneskapen til kommunekassen viser eit oppsamla underskot frå driftsrekneskapen som er større enn tre prosent av driftsinntektene meldast inn i Robek (register for betinga godkjenning og kontroll).

Overordna er bakgrunnen for det store meirforbruket til kommunen eit større tap på avtalar for sal av konsesjonskraft mot ein budsjettert gevinst, men òg eit vesentleg meirforbruk i drifta av tenesteområda.

Kommunar i Robek er underlagt statleg kontroll med årsbudsjettet, låneopptak og langsiktige leigeavtaler. Kommunar i Robek skal fastsette ein tiltaksplan som sikrar at økonomien kjem i balanse.

I saka om årsrekneskap og årsmelding for 2022, har kommunestyret vedteke at det balanseførte meirforbruket vert dekt av budsjetterte midlar avsett til dekning av tidlegare års meirforbruk i 2023.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.