Høyanger har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Høyanger er Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2024 med ei låneramme på 30,6 mill. kroner.

Publisert 15.03.2024

Kommunestyret har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan i balanse. Etter førebels rekneskap for 2023 er underskotet på 32 mill. kroner frå 2022 dekt inn. Høyanger har eit driftsnivå på tenestene som er for høgt ut frå inntektene. Det er såleis heilt nødvendig å konkretisere og gjennomføre innsparingstiltak for å skaffe balanse i den løpande drifta, og byggje seg opp ein tilstrekkeleg buffer til å møte uføresette hendingar med økonomiske konsekvensar og til finansiering av investeringar.

Investeringar i bygningar og anlegg er budsjettert med 34,4 mill. kroner. Av dette skal 29,7 mill. kroner finansierast med nye låneopptak. I tillegg er det budsjettert med kr 875 000 i tilskot til investeringar i kyrkja. Lån frå Husbanken til vidare utlån er godkjent med 10 mill. kroner.

Sjå vedlagt brev til kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.