Gode resultat for kommunane i Vestland

Kommunane har levert førebelse rekneskap for 2021. Sjølv om det er forskjellar mellom kommunane, vil resultata samla sett styrkje kommuneøkonomien i Vestland, og ingen av kommunane har no akkumulerte underskot. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2022

Kommunane i Vestland fekk eit netto driftsresultat på 4,2 prosent av driftsinntektene, som var på nivå med gjennomsnittet for landet. Det er vesentleg betre enn for 2020, då Vestland hadde eit gjennomsnitt på 2 prosent. Forklaringa på det gode resultatet er først og fremst auka skatteinntekter, og at fleire av kommunane hadde høge kraftinntekter som følgje av høg straumpris. Det siste førte og til at det vart store forskjellar mellom kommunane, frå  kraftkommunar med resultat på rundt 10 prosent og over, til 12 kommunar som hadde resultat under 1,75 prosent. Eit netto driftsresultat på 1,75 er norma ein kommune bør ha over tid for ein berekraftig økonomi med økonomisk handleevne.

Gode driftsresultat førte til at den frie eigenkapitalen i drifta (disposisjonsfond) auka til 12,5 prosent av driftsinntektene, mot 10,3 i 2020. Gjennomsnittet for landet er 13,7 prosent. Ser vi lengre tilbake i tid, så var den frie eigenkapitalen i 2015 seks prosent i gjennomsnitt for kommunane i den gongen Hordaland og Sogn og Fjordane. Dette er midlar kommunane må ha som ein økonomisk buffer i drifta til å møte uføresette hendingar med økonomiske konsekvensar og til eigenfinansiering av investeringar. Som for netto driftsresultat, er det òg her større forskjellar mellom kommunane. Men ettersom dette er kapital som er opparbeidd over tid frå overskot i drifta, så er det ikkje gjennomgåande at det er kraftkommunar som har størst kapital målt mot driftsinntektene. Vi ser òg etterkvart at kommunar med inntekter frå oppdrettsanlegg (Havbruksfondet), gjer seg gjeldande med høg fri driftskapital.

Lånegjelda har over tid auka mykje i kommunane, og høg gjeld får difor stor merksemd når kommuneøkonomien blir vurdert og omtala. Men for første gong over fleire år, var auken i driftsinntektene høvesvis større enn auken i lånegjelda. Etter 2021 utgjorde gjelda i gjennomsnitt for kommunane i Vestland 105 prosent av driftsinntektene, mot 107 prosent i 2020. Dette er under gjennomsnittet for landet (utan Oslo), som er på 115 prosent. Det er store skilnader frå lågast til høgast gjeld målt etter driftsinntekter, frå Masfjorden og Eidfjord på vel 60 prosent til Stord og Kinn på rundt 160 prosent.

Statsforvaltaren vurderer dei gode resultata i 2021 først og fremst ut i frå at dei høge skatteinntektene var ekstraordinære etter at økonomien i landet gjekk betre enn forventa etter koronapandemien, og at kommunane fekk kompensert meirutgifter knytt til pandemien. Kommunane må difor ikkje bruke «overskota» til varig auke i drifta, men prioritere å auke reservane og ha midlar til eigenfinansiering av investeringar. Dette må òg sjåast i samanheng med at vi er inne i eit tid der renta er forventa å auke, og at kommunane må bu seg på endringar i befolkninga med fleire eldre som treng kommunale tenester.

Vedlagt finn du eit oversyn på sentrale økonomiske nøkkeltal for alle kommunane i Vestland basert på førebelse rekneskapstal, og så kjem kommunane framover med nærmare informasjon i endelege rekneskap og årsmeldingar for 2021.

Kjelde for nøkkeltal: SSB-statistikkbanken, førebelse Kostra-tal for 2021.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.