Gloppen har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Gloppen er ein Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2022 med ei låneramme på 40,6 mill. kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2022

Kommunestyret har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan i balanse.
Førebels rekneskap for 2021 viser eit resultat som ligg godt over dei budsjetterte tala og at alt attståande meirforbruk frå 2019 kan bli betalt inn i 2021. Om dette blir det endelege resultatet vil kommunen bli utmeld av Robek etter at rekneskapen for 2021 er godkjent av kommunestyret.        Det blir framleis viktig for kommunen å jobbe mot dei langsiktige målsetjingane, og opparbeide seg ein nødvendig økonomisk buffer mot uføresette hendingar, og slik sikre handleevna til kommunen framover.

Investeringar i bygg og anlegg utgjer omlag 189 mill. kroner i heile perioden. Av dette skal 164,5 mill. kroner finansierast med nye låneopptak. 71,5 mill. kroner av investeringane utgjer investeringar til vatn og avlaup.

Lån frå Husbanken til vidare utlån er budsjettert med 5 mill. kroner i 2022.

Sjå vedlagt brev til kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.