Gloppen kommune ute av Robek

Gloppen kommunestyre har vedteke rekneskapen for 2021 som viser at alt meirforbruk no er dekt inn. Kommunen blir derfor meld ut av Robek-registeret.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.06.2022

Gloppen kommunestyre vedtok i møtet 15.06.2022, sak 064/22, rekneskapen for 2021. Det attståande meirforbruket på 5,6 mill. kroner vart der vedteke inndekt, slik at alt tidlegare meirforbruk  er dekka inn i si heilheit. Kommunen jobbar no godt med økonomistyring for at den økonomiske handleevna skal bli ivareteken over tid.

Det er gledeleg, både for kommunane og Statsforvaltaren at det no ikkje lenger er kommunar i Vestland som er registrerte i Robek.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.