Fordeling av skjønn i statsbudsjettet 2024

Statsforvaltaren har i fordelinga av skjønnsmidlar lagt til grunn ei heilskapleg vurdering av kommunanes overordna økonomiske situasjon. I tillegg har vi vurdert om det er lokale tilhøve som ikkje er varetekne godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar.

Publisert 06.10.2023

Nasjonalt er basisramma for skjønnsmidlar til kommunane 800 mill. kroner, av dette er ramma til
Vestland på 139,1 mill. kroner. Både den nasjonale ramma og ramma til Vestland er nominelt uendra frå 2023.

Vi har fordelt vår ramme slik mellom dei ulike typar skjønnsmidlar:

  • ordinære skjønnsmidlar til kommunane i statsbudsjettet 109,1 mill. kroner
  • fornyings- og innovasjonsprosjekt 15 mill. kroner
  • til seinare fordeling i budsjettåret 15 mill. kroner 

Midlar til fornyings- og innovasjonsprosjekt og fordeling seinare i budsjettåret er førebelse rammer, og det kan verte forandringar mellom desse rammene.

Les meir om fordelinga til kommunane i vårt brev til Kommunal- og distriktsdepartementet vedlagt.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.