Fordeling av resterande skjønnsmidlar

Fylkesmannen har fordelt resterande skjønnsmidlar for 2020 til kommunar i Vestland med til saman 10,2 mill. kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.10.2020

Etter nærmare vurderingar av 15 kommunar, har vi gjort følgjande fordeling av midlane:

Kommune kroner
Bergen 2 500 000
Kinn 1 000 000
Stord 1 250 000
Fitjar 500 000
Øygarden 1 000 000
Osterøy 1 250 000
Austrheim 500 000
Sunnfjord 1 000 000
Gloppen 1 250 000
Sum 10 250 000

(desse midlane gjeld ikkje særskilde skjønnsmidlar knytte til korona)

Vi har i fordelinga teke omsyn til

  • at føremålet med skjønnsmidlar er å fange opp lokale tilhøve som ikkje er vareteke godt nok i inntektssystemet eller gjennom andre tilskotsordningar
  • ei heilskapleg vurdering av kommunanes økonomi og behov
  • at skjønnsmidlar bør bli gitt på grunnlag av kommunen sin overordna økonomiske situasjon, og ikkje på grunnlag av tilhøve i einskildståande sektorar.

I tillegg har vi på nytt vurdert kommunar som får utilsikta reduksjonar i inntekter som følgje av kommunesamanslåing. For Bergen kommune er midlane knytte til fullføring av ei tidlegare satsing mot barnefattigdom.

Meir informasjon om tildelingane i vedlagte brev.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.