Fordeling av resten av skjønnsmidlane for 2022

Statsforvaltaren har fordelt 15,4 millionar kroner i tilbakehaldne skjønnsmidlar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 21.10.2022

Kommunane Kinn, Øygarden, Osterøy og Gloppen har fått midlar grunna ein vanskeleg overordna økonomisk situasjon. Bjørnafjorden får midlar etter at prosjektet statleg finansieringsordning av omsorgstenester vart avslutta før opphavleg avtalt prosjektperiode, og at dette er vurdert som ei ekstraordinær hending som gjev kommunen økonomiske utfordringar.

Kommunar som har fått midlar:

Kommune

kroner

Kinn

    3 500 000

Bjørnafjorden

    3 896 600

Øygarden

    3 500 000

Osterøy

    2 250 000

Gloppen

    2 250 000

SUM

  15 396 600

 

Les meir om tildelingane i vedlagde brev.

I tillegg har 20 kommunar til saman fått kr 570 000 i tilskot for tilsette som har delteke på innføringskurs i forvaltningsrett.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.