Budsjett og økonomiplanar for kommunane 2022-2025

Kommunane sender budsjett for 2022 og økonomiplan 2022–2025 til Statsforvaltaren, som går gjennom dokumenta etter kommunelova med forskrifter og retningslinjer.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.02.2022

For kommunar som ikkje er under statleg kontroll og godkjenning (Robek-registrerte) er dokumenta sende til Statsforvaltaren til orientering, jf. kommunelova § 14-3 fjerde ledd. Statsforvaltaren skal ikkje godkjenne budsjett og økonomiplan for desse kommunane. Men vi kontrollerer at budsjett og økonomiplan er i balanse og at det ikkje er budsjettert med uspesifiserte innsparingar, som er knytt til om ein kommune skal registrerast i Robek.

For kommunar som er registrerte i Robek gjer vi ein grundigare gjennomgang av planane, og skal godkjenne låneopptak som kommunestyret/heradsstyret har vedteke for budsjettåret.

Alle kommunane får brev med tilbakemelding om korleis Statsforvaltaren vurderer kommunens økonomi og utviklinga slik den er planlagt i budsjett og økonomiplan. Etter kvart som vi har gjort gjennomgangen og sendt brevet til kommunen, blir dette lagt ut under denne artikkelen. Når gjennomgangen er gjort for alle kommunane, lagar vi ei samla oppsummering med vurdering for kommunane i Vestland. For kommunar som er/blir registrert i Robek, blir brevet til kommunen lagt ut i ein eigen artikkel.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.