Bremanger har fått godkjent budsjett og økonomiplan

Sidan Bremanger er Robek-kommune, må kommunestyret sitt vedtak om budsjett og økonomiplan godkjennast av Statsforvaltaren. Vi har no godkjent budsjett 2022 med ei låneramme på 52,4 mill. kroner.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 25.03.2022

Kommunestyret har vedteke eit budsjett og ein økonomiplan i balanse. Etter førebels rekneskap for 2021 er det akkumulerte underskotet frå Terra-sakene dekt inn, og kommunen planlegg no å styrkje økonomien gjennom å byggje opp disposisjonsfondet til ein reserve og at driftsresultatet på sikt kan bidra til eigenfinansiering av investeringar. For at kommunen skal få til dette, er det avgjerande at kommunen styrer og gjennomfører aktiviteten i drifta etter kommunestyret sine vedtekne rammer i budsjett og økonomiplan. Det er såleis heilt nødvendig å skaffe balanse i den løpande drifta, byggje seg opp ein tilstrekkeleg buffer til å møte uføresette hendingar, og særleg gjeld dette usikkerheita knytt til endringar for derivatavtalane.

Investeringar i bygningar og anlegg er budsjettert med 85,2 mill. kroner. Av dette skal 50,4 mill. kroner finansierast med nye låneopptak. I tillegg er det budsjettert med 2 mill. kroner i tilskot til Kyrkja, som dei skal nytte til rehabilitering av kyrkjer. Dette er også finansiert med lån. I tida som Robek-kommune har ikkje lånegjelda auka, men det er no budsjettert med ein vesentleg auke i lånegjelda samanlikna med driftsinntektene. Kommunen må ha ein god og langsiktig plan for prioritering av nye investeringar som skal finansierast med lån, og særleg sett i samanheng med behovet for tenester ut frå demografiske endringar slik dei er forventa for kommunen i framtida.

Lån frå Husbanken til vidare utlån er budsjettert med 3 mill. kroner.

Sjå vedlagt brev til kommunen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.