Statsforvaltaren opphevar vedtak om fjernbetent alkoholsal

Vi har oppheva Sveio kommune sitt vedtak om fjernbetent alkoholsal etter ein lovlegkontroll, fordi den tekniske løysinga ikkje tilstrekkeleg varetek krava i alkohollova § 8-11.

Publisert 27.10.2025

Kommunestyret i Sveio kommune innvilga 17.02.2025 salsløyve til Auklandshamn landhandel for fjernbetent sal av alkoholhaldig drikk. Fire kommunestyremedlemmer kravde lovlegkontroll av vedtaket.

Statsforvaltaren vurderte at den tekniske løysninga butikken vil ta i bruk for å føre kontroll med fjernbetent alkoholsal, inneber risiko for brot på reglane i alkohollova. Lova forbyr sal av alkoholhaldig drikk til personar som er openbert påverka av rusmidlar. Etter ei samla vurdering av rettskjeldene, med vekt på lovtolkinga frå Helsedirektoratet saman med føremålet med alkohollova § 8-11, har Statsforvaltaren kome til at det er i strid med lova å gje salsløyve til ubetent eller fjernbetent alkoholsal.

Statsforvaltaren kom derfor til at kommunens vedtak ikkje har eit lovleg innhald, og oppheva vedtaket etter kommunelova § 27-3 fjerde avsnitt.

Helsedirektoratet og Statsforvaltaren er klare på at sal av alkoholhaldig drikk i heilt ubetent eller fjernbetent butikk krev endring i dagens regelverk, men at den tekniske løysinga kan nyttast dersom det blir stilt vilkår i salsløyvet om at butikken er betent i det tidsrommet der det skjer sal av alkoholhaldig drikk.

Vi er gjort merksame på at det er fleire kommunar som har gitt ulovlege salsløyve for ubetent eller fjernbetent sal av alkoholhaldig drikk, og ber kommunane rette opp i desse løyva og sikre at dei salsløyva som blir gitt er i tråd med lova. 

Sjå vedtaket vårt, datert 23.10.2025, under "dokument".

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.