Psykisk helse og rus

Oppdatert 12.05.2025

Retten til helse- og omsorgstenester likestiller somatisk og psykisk sjukdom, skade eller liding, rusmiddelproblem, sosiale problem eller nedsett funksjonsevne. Kommunane har ei sentral rolle i å identifisere, utgreie, behandle og følgje opp personar i målgruppa.

Eit godt lokalt rus- og psykisk helsearbeid byggjer på samarbeidsstrukturar som fremjar heilskaplege og koordinerte tenester for den enkelte på tvers av fag, tenester og sektorar. Kapasitet, tilgjenge, heilskaplege og samtidige tenester blir vektlagt, og kvalitet, kompetanse og kunnskapsbasert praksis skal prege tenestene. Tenestene skal dessutan organiserast og utformast med tanke på eit brukar- og meistringsperspektiv. 

Samtidige lidingar

Personar som har både eit rusproblem og ei psykisk liding brukar ofte rusmiddel på ein øydeleggande måte. Denne pasientgruppa har fått meir merksemd dei siste åra, men det er likevel mye som manglar når det gjeld utgreiing, behandling og anna oppfølging.

Lokalsamfunnet er ein viktig arena for rusmiddelførebyggjande arbeid. Barnehagar, skular, fastlegar, helsestasjonar, arbeidslivet og ulike fritidsarenaer tek del i arbeidet som skal redusere helseskader og negative sosiale konsekvensar av rusmiddelbruk.

Tverrfagleg innsats

Barn og ungdom med føresette som blir alvorleg sjuke, skal spesielt takast vare på, også når årsaka er psykiske helseproblem og/eller rusmisbruk. Kommunar og fylkeskommunar skal koordinere innsatsen overfor barn og unge med samansette problem. Statsforvaltaren følgjer med på denne tverrfaglige innsatsen.

Statsforvaltarens oppgåver er retta mot kommunens tenestetilbod, også i samhandling med spesialisthelsetenesta. Oppgåvene omfattar kompetansehevande tiltak, nettverksbygging, tilskotsordningar, kartleggingar og tilsyn. Statsforvaltaren er klageinstans om du ønskjer å klage på helse- og omsorgstenestene du får, eller om du meiner at du ikkje får dei helse- og omsorgstenestene du har krav på.

Tvang

Rett bruk av tvang kan gi menneske verdigheit og sikre at den som er alvorlig sjuk, blir teken vare på av helse- og omsorgstenesta også når han eller ho ikkje kan samtykkje til helsehjelp eller ta ansvar for seg sjølv. Her kan du rese meir om rettane dine når helse- og omsorgstenesta brukar tvang.

 

Vis meir

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Publisert 19.06.2025, Sist endra 27.06.2025

Ledige verv i kontrollkommisjonane i Vestland

Det er ledige verv ved fire av kontrollkommisjonane i Vestland. Søknadsfristen er 30. august. 


Publisert 19.06.2025, Sist endra 27.06.2025

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane

I Kontrollkommisjonen for Sogn og Fjordane er tre verv ledige frå 1. januar 2026. Dei ledige verva er vara for legekyndig medlem, lekmedlem og brukar-/pårørandemedlem. Søknadsfristen er 30. august 2025.


Publisert 19.06.2025, Sist endra 27.06.2025

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Sandviken 1

I Kontrollkommisjonen for Sandviken 1 er tre verv ledige frå 1. januar 2026. Dei ledige verva er vara for brukar-/pårørandemedlem, lekmedlem og vara for lekmedlem. Søknadsfristen er 30. august 2025.


Publisert 19.06.2025, Sist endra 27.06.2025

Ledige verv i Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra

I Kontrollkommisjonen for Nordhordland, Midhordland og Sotra er tre verv ledige frå 1. januar 2026. Dei ledige verva er brukar-/pårørandemedlem, lekmedlem og vara for lekmedlem. Søknadsfristen er 30. august 2025.


Publisert 19.06.2025, Sist endra 27.06.2025

Ledig verv i Kontrollkommisjonen for Haukeland

I Kontrollkommisjonen for Haukeland er vervet som vara for legekyndig medlem ledig frå 1. januar 2026. Søknadsfristen er 30. august 2025.


Publisert 17.06.2025, Sist endra 26.06.2025

Nær 61 millionar til kommunalt rusarbeid

24 kommunar i Vestland får til saman nærare 61 millionar kroner gjennom tilskotsordninga kommunalt rusarbeid.


Publisert 09.05.2025

Kurs om psykiske reaksjonar hos innsatspersonell

Ressurssenter om vald, traumatisk stress og sjølvmordsførebygging Region vest (RVTS Vest) og Forsvaret arrangerer kurs for innsatspersonell – for helsepersonell og andre tenesteutøvarar 20. juni i Bergen.


Publisert 14.03.2025

Rettleiar om lokalt psykisk helse- og rusarbeid for vaksne

Helsedirektoratet har oppdatert rettleiaren om psykisk helse- og rusarbeid for vaksne med nye tilrådingar.


Publisert 31.01.2025

Overdoseførebyggjande arbeid i kommunane

Helsedirektoratet har kome med nye råd for overdoseførebyggjande arbeid. KORUS inviterer til webinar om dei nye råda, onsdag 5. februar. 


Publisert 07.01.2025, Sist endra 28.02.2025

Webinar om psykisk helsehjelp for barn og unge i kommunen

Helsedirektoratet har laga ei webinarrekkje om psykisk helsearbeid for barn og unge, med utgangspunkt i den nasjonale rettleiaren.