Nye statlege sosialhjelpssatsar

Arbeids- og sosialdepartementet har fastsett rettleiande statlege sosialhjelpssatsar frå 1. januar 2022. Departementet har auka satsane med 1,3 prosent, i tråd med berekna vekst i konsumprisane i nasjonalbudsjettet for komande år.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.12.2021, Sist endra 03.01.2022

Kommunane bestemmer sjølv om dei vil følgje statens satsar eller om dei vil ha eigne kommunale satsar. Dei fleste av dei 43 kommunane i Vestland følgjer statens rettleiande satsar for sosialstønad.

Kostra-rapportering

Kommune-stat-rapportering (Kostra) er eit nasjonalt informasjonssystem om kommunal og fylkeskommunal verksemd. Ved førre rapportering til Kostra var det to kommunar som rapporterte om høgare sosialhjelpssatsar enn statens, og det var Bergen og Sogndal. Kostratala ligg på Statistisk sentralbyrå sine nettsider.

Askøy, Øygarden, Aurland, Lærdal, Fjaler og Luster var dei seks kommunane som rapporterte om ein eller fleire lågare satsar enn statens. I tillegg er det fleire kommunar som reduserer eller tek bort barnetillegg for nokre av barna i store barnefamiliar.

Nye satsar frå 2022

Dei nye statlege satsane per månad er:

Einslege

6 550

Ektepar/sambuarar

10 950

Person i bufellesskap

5 450

Barn 0-5 år

3 200

Barn 6-10 år

3 300

Barn 11-17 år

4 300

I tillegg kjem stønad til husleige, straum og oppvarming, bustad- og innbuforsikring og inventar og utstyr.

Rettleiande satsar erstattar ikkje individuelle vurderingar

Statsforvaltaren minner om at rettleiande satsar er eit utgangspunkt for ei konkret og individuell vurdering av søknadar om økonomisk stønad etter sosialtenestelova, sjå rundskriv 35 punkt 4.18.1.5. Satsane må ikkje erstatte konkrete, individuelle vurderingar under handsaming av søknadar om økonomisk stønad.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.