Når Nav utbetalar sosialstønad til andre enn tenestemottakaren

Hovudregelen er at den som har fått innvilga sosialstønad skal få stønaden utbetalt til seg, men unntaksvis kan Nav etter samtykke utbetale stønaden til andre.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.02.2023

I eit eige brev har Arbeids- og velferdsdirektoratet skrive om teieplikt og utbetaling av sosialstønad til andre. Dei skriv at Nav så langt som mogleg skal utforme tenestetilbodet i samarbeid med  tenestemottakaren, og Nav skal legge stor vekt på det vedkommande meiner. Dersom hen ønskjer at Nav skal utbetale sosialstønaden til andre, kan Nav gjere dette så lenge vilkåra for gyldig samtykke er oppfylt.

Nav kan i slike tilfelle utbetale heile eller deler av stønaden til ein person som kan hjelpe stønadsmottakaren å disponere pengane. Det kan også vere at Nav betalar rekningar for til dømes husleige, straum og tannbehandling direkte til kreditor.

Utgangspunktet er at samtykke skal vere skriftleg. For at eit samtykke skal vere gyldig, må tenestemottakaren ha gitt det frivillig. Vedkomande må ha fått og forstått informasjon om kva samtykket inneber, kva utbetalingar det gjeld og kven som skal få utbetalinga.

Det er viktig at Nav er merksam på at utbetaling til andre vil røpe eit klientforhold. Nav bør derfor sjå til at utbetalinga til andre vert gjort minst mogleg byrdefullt og stigmatiserande for tenestemottakaren.

Du kan lese heile brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet her.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.