Det er færre som klagar på vedtak etter sosialtenestelova

I 2021 behandla Statsforvaltaren i Vestland 294 klagar på vedtak etter sosialtenestelova. Dette er 15 prosent færre enn året før, då vi behandla 344 klagar.

Publisert 03.01.2022, Sist endra 07.01.2022

Vi veit ikkje sikkert kvifor vi får færre sosialklagesaker, men vi trur der kan vere to hovudårsaker:

  • Det er færre som søkjer om sosialhjelp, og difor er det naturleg at færre klagar.
  • Nav-kontora gjev fleire medhald. Alle klagar skal først behandlast av det Nav-kontoret som gjorde vedtaket, og dersom Nav sjølv gjev klagar medhald skal ikkje klageinstansen behandle klagen.

I alle tilfelle er det ganske få som klagar på sosialhjelpsvedtaka frå Nav, berre 2 prosent av dei om lag 14 000 som får sosialhjelp i Vestland.

I 2021 stadfesta vi 88 prosent av dei vedtaka som var klaga på, slik at klagar ikkje fekk medhald. Vi gav klagar medhald i 1 prosent av klagesakene, der vi omgjorde Nav-kontoret sitt vedtak. I 11 prosent av klagesakene fann vi feil ved Nav-kontorets vedtak, slik at vi oppheva vedtaket og sende saka tilbake til Nav til ny behandling.

I 2021 behandla vi sosialklagesaker frå i alt 31 Nav-kontor. Frå dei resterande 11 Nav-kontora i Vestland fekk vi ingen klagar. I gjennomsnitt hadde vi ei saksbehandlingstid på 0,7 månad per klagesak, det same som i 2020.

Desse ti Nav-kontora hadde flest sosialklagesaker i 2021:

Nav-kontor

Sosialklagesaker 

Nav Bergen vest 58
Nav Bergen nord 37
Nav Øygarden 34
Nav Bergenhus 32
Nav Årstad 25
Nav Stord 13
Nav Bergen sør 12
Nav Alver 12
Nav Kvinnherad 10
Nav Askøy 8