Færre klagesaker etter sosialtenestelova

I 2020 behandla Fylkesmannen i Vestland 344 klager på vedtak etter sosialtenestelova. Det er 30 prosent færre klager enn året før, då vi behandla 492 klager.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.01.2021, Sist endra 03.01.2022

I 2020 behandla vi sosialklagesaker frå i alt 31 Nav-kontor. Frå dei resterande 16 Nav-kontora fekk vi ingen klagar. I gjennomsnitt brukte vi 0,7 månad per klagesak.

Vi stadfesta 78,3 prosent av dei vedtak som var klaga på, slik at klagar ikkje fekk medhald. Vi gav klagar medhald i 4,3 prosent av klagesakene, ved at vi omgjorde Nav-kontoret sitt vedtak. I 17,4 prosent av klagesakene fann vi feil ved Nav-kontorets vedtak, slik at vi oppheva vedtaket og sende saka tilbake til Nav til ny behandling.

Desse elleve Nav-kontora hadde ti eller fleire sosialklagesaker i 2020:

Nav Årstad 53
Nav Bergen vest 48
Nav Bergen nord 41
Nav Øygarden 31
Nav Bergenhus 28
Nav Bergen sør 17
Nav Askøy 14
Nav Kvinnherad 12
Nav Alver 12
Nav Sveio 11
Nav Høyanger 10

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar