Dei som får fast opphaldsløyve, får fulle rettar til sosialstønad

Nokre Nav-kontor har avslått sosialstønad til personar som kom til Noreg under føresetnad av at eit familiemedlem forsørgjer dei, men slike avslag er feil dersom vedkomande har fått permanent opphald.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.12.2020, Sist endra 18.02.2021

Ein person som er innvilga opphald i Noreg på grunnlag av familieforhold og under føresetnad av underhald, har som utgangspunkt ikkje rett til sosialstønad. Nav kan i slike tilfelle avslå søknad om sosialstønad fordi vedkomande har ei anna moglegheit for forsørging.

Rett til sosialstønad om underhaldsplikta for familiemedlemmar fell bort

Etter reglane i sosialtenestelova kan Nav avslå søknader dersom eit familiemedlem har plikt til å forsørgje dei, og spørsmålet i slike saker er difor om forsørgingsplikta står ved lag.

Utlendingsdirektoratet har i eit svar til Fylkesmannen frå 27. mars 2017 informert om at underhaldsplikta for familiemedlemmar vert avslutta når vedkomande får innvilga permanent opphald. Dette medfører at underhaldsplikta for familiemedlemmen ikkje lenger står ved lag. Konsekvensen av Utlendingsdirektoratet si avklaring er at dei som får permanent opphaldsløyve får fulle rettar til sosialstønad frå den kommunale delen av Nav.

Ikkje rett på sosialstønad frå Nav til å forsørgje foreldre eller onklar og tanter

Arbeids- og velferdsdirektoratet skriv i rundskriv 35 til sosialtenestelova, i punkt 4.18.2.31, at

«Hvis familiemedlemmet som har påtatt seg å underholde vedkommende ikke evner og oppfylle underholdskravet, er det den underholdspliktige selv som i tilfelle må søke om økonomisk stønad.»

Dette medfører at den som har tatt på seg å forsørgje ein gjenforeint familiemedlem har krav på sosialstønad frå Nav dersom vedkomande ikkje har økonomisk evne til å forsørgje familiemedlemmen.

I eit brev til Fylkesmannen i Hordaland frå 15. mars 2017 slo Arbeids- og velferdsdirektoratet fast at retten til sosialstønad til å forsørgje familiemedlemmar berre gjeld for ektefellar og mindreårige barn. I brevet skriv direktoratet at:

«Det vil si at et familiemedlem (referansepersonen/garantisten) ikke vil ha rett på økonomisk stønad til å forsørge sine foreldre eller onkler og tanter.»

Dette medfører igjen at ein forelder, onkel eller tante som har opphald i Noreg under føresetnad av underhald ikkje har rett til sosialstønad anna enn i ein naudssituasjon, og at den som har tatt på seg å forsørgje familiemedlemmen heller ikkje har krav på sosialstønad frå Nav til å forsørgje familiemedlemmen.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.