Kurs for LIS1-rettleiarar i kommunehelsetenesta

Statsforvaltaren i Vestland dekkjer kursavgifta for LIS1-rettleiarar som ønskjer å melda seg på ALIS Vest sitt emnekurs i individuell rettleiing og supervisjon for allmennlegar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 01.09.2022

ALIS Vest arrangerer emnekurs i individuell rettleiing og supervisjon for allmennlegar. Dette kurset er òg relevant for LIS1-rettleiarar. Det vert arrangert to kurs i haust, eitt i Loen 3.-4. november med påmeldingsfrist 31. oktober, og eitt på Os 10.-11. november med påmeldingsfrist 28. oktober. Vi oppmodar særleg LIS1-rettleiarar som ikkje har delteke på kurs tidlegare til å melde seg på.

Føring av kursavgift

Vi dekkjer kursavgifta for LIS1-rettleiarar i kommunehelsetenesta som ønskjer å delta på eit av kursa. Merk at vi dekkjer kursavgift, men ikkje reise og opphald. Sjå rettleiing for «honorar og reiserekning for eksternt tilsette hjå Statsforvaltaren i Vestland» når det gjeld refusjon av kursavgifta (kvittering må ligge ved). 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.