Opplæring i kvalifiseringsprogrammet

Hausten 2022 tilbyr vi grunnopplæring på to datoar. Vi går gjennom regelverket som gjeld for kvalifiseringsprogrammet, inkludert reglane om kvalifiseringsstønad.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 08.06.2022

Kvalifiseringsprogrammet er ei teneste etter sosialtenestelova som skal bidra til at personar som står langt frå arbeidsmarknaden får nødvendig oppfølging og inntektssikring.

Nav-tilsette som skal byrje å arbeide med kvalifiseringsprogrammet er hovudmålgruppa, men også andre Nav-tilsette som er interesserte er velkomne til å delta.

Kurset er likt dei som var arrangert i januar og april i år, og vert arrangert digitalt som møte i Teams. 

Vi tilbyr kurset 26. august og 31. oktober. For å melde deg på eitt av kursa, går du til aktuell dato i kurs- og konferansekalenderen vår.  

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.