Nav må betale

Arbeids- og velferdsdirektoratet har avklart at Nav må betale for utdanninga når denne inngår som del av eit kvalifiseringsprogram, sjølv om deltakaren kan få finansiering via Lånekassa.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.02.2022

Kvalifiseringsprogram (kvp) er ei teneste Nav kan tilby personar med vesentleg nedsett arbeids- og inntektsevne. For å ha rett på kvp må denne tenesta vere hensiktsmessig og nødvendig for å styrke vedkomandes moglegheit for deltaking i arbeidslivet.

Utdanning kan inngå i kvalifiseringsprogrammet, dersom utdanninga kan styrke deltakarens moglegheit til å kome i arbeid etter at programmet er slutt. Spørsmålet er då om Nav må dekke utgiftene til utdanning når dette er del av kvalifiseringsprogrammet, og om Nav må ta kostnaden sjølv om deltakaren har finansieringsmoglegheit via Lånekassa.

Når Nav finn at ein person har rett på kvalifiseringsprogram der utdanning inngår, så har Nav konkludert med at vedkomande ikkje kan klare utdanninga utan tett og koordinert oppfølging. Direktoratet har i brev datert 13. januar 2022 slått fast at det ikkje er relevant kva for finansieringsmoglegheiter deltakaren har, som til dømes Lånekassa. Når Nav har konkludert med at utdanninga er eit eigna tiltak, så skal Nav dekke kostnaden uavhengig av om deltakaren kunne fått finansiering gjennom Lånekassa.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.