Kvalifiseringsstønaden auka frå 1. mai
Deltakarar i kvalifiseringsprogram har rett på kvalifiseringsstønad. Stønaden aukar som regel i juni eller juli med tilbakeverkande kraft.
Dette betyr at kommunane må etterbetale auka stønad frå verknadstidspunktet 1. mai. Sjå brevet frå Arbeids- og velferdsdirektoratet, som ligg under «Dokument».
Det er personar som ikkje har arbeidsinntekt eller trygdeytingar, eller der ytingane er svært avgrensa, som er i målgruppa for sosialtenestelovas kvalifiseringsprogram. Føremålet er å hjelpe personar med nedsett arbeids- og inntektsevne ut i arbeid. Stønaden dei får ved deltaking vert utbetalt ein gong i månaden over kommunens lønssystem. Stønaden er skattepliktig, men fører ikkje til at deltakaren opparbeider seg rettar i trygdesystemet, som sjukepengar eller dagpengar. Deltakarar med forsytingsansvar skal få barnetillegg, også om dei ikkje bur med barnet sitt.
Kvalifiseringsstønaden er auka med verknad frå 1. mai 2025. Stønaden er 2,041 gonger grunnbeløpet, noko som no vil seie 265 657 kroner per år. Dei som er under 25 år får 2/3 av full stønad, som no er 177 104 kroner per år.
Kvalifiseringsstønaden er ikkje behovsprøvd. Den skal gjere det mogleg for deltakaren å planlegge økonomien sin over lengre tid. Dersom deltakaren har behov for økonomisk råd og rettleiing etter sosialtenestelova, kan dette vere ein del av programmet. Deltakaren har då rett på eit vedtak etter sosialtenestelova paragraf 17 om opplysning, råd og rettleiing.
Nokre gonger kjem deltakarar over i løna arbeid i løpet av programperioden. Inntil 50 prosent ordinært arbeid kan ein kombinere med framleis deltaking i kvalifiseringsprogrammet. Kvalifiseringsstønaden vert redusert time for time når deltakaren har arbeidsinntekt.