Forsking på kvalifiseringsprogrammet

Arbeids- og velferdsdirektoratet inviterer til presentasjon på Teams 28. juni klokka 10.00 – 13.00.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 17.06.2022, Sist endra 28.06.2022

Vi får høyre om Fafos forsking som resulterte i rapporten «Velferdsordninger til unge. Bruk av arbeidsavklaringspenger og kvalifiseringsprogram blant unge utenfor arbeid og utdanning.». I tillegg presenterer Oxford Research kartlegginga dei har gjort av arbeidet med kvalifiseringsprogrammet.

Det blir høve til å stille spørsmål og kome med refleksjonar.

Målgruppa for webinaret er tilsette i Nav. Dei som ønsker å delta, kan ta kontakt med Elisabeth Munch-Ellingsen i Arbeids- og velferdsdirektoratet på e-post eller på telefon 928 83 007.

Du kan lese rapporten frå Fafo på nettsida deira.

Du kan lese rapporten frå Oxford Research på nettsida til Nav.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.