Endringar i mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Endringane i forskrifta trådte i kraft frå 1. januar 2021.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 11.01.2021

Frå 1. januar 2021 vil periodar med fråver som skuldast koronapandemien reknast inn i varigheita av programmet. Paragraf 3 andre stykket som gav unntak frå dette, er oppheva.

Paragraf 3 om at kvalifiseringsstønaden ikkje skal reduserast eller falle bort som følgje av fråver som skuldast koronapandemien, vidareførast utan endringar.

Mogelegheita til å utsetje oppstart av kvalifiseringsprogrammet i inntil seks månader framlais gjelde, vert vidareført sjå mellombels forskrift paragraf 4. For personar som allereie har fått utsett oppstart av programmet i løpet av 2020, og kor programmet framleis ikkje kan startast opp, er det no presisert at Nav-kontoret kan gje yttarlegare seks månaders utsetjing. 

Unntak frå programmets varigheit som tidlegare stod i mellombels forskrift § 5 vert ikkje videreført.

 

Tidlegare nettoppslag om mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova frå Fylkesmannen i Vestland kan du lese ved å klikke på lenkjene under: 

Ny mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

Endring i mellombels forskrift om unntak frå sosialtenestelova

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.