Informasjonsfilm og mal til kommunane om hjelpetilbod

Krisesentersekretariatet har utarbeidd ein mal og ein film om kva som bør finnast av informasjon på kommunane sine nettsider om hjelpetilbod til alle som er utsett for vald i nære relasjonar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 15.12.2021

I juni 2021 la Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) fram ein rapport om korleis kommunane arbeider for å oppfylle sine lovpålagte plikter når det gjeld å førebyggje og forhindre vald mot kvinner og vald i nære relasjonar. Rapporten er laga på oppdrag frå Likestillings- og diskrimineringsombodet (LDO). Rapporten viser at Noreg verken oppfyller krisesenterlova eller Istanbul-konvensjonen fullt ut, og den viser avvik i alle kommunar. Les heile rapporten til NKVTS her.

Sekretariatet har sjølv avdekka at om lag 25 prosent av landets kommunar ikkje har informasjon om krisesentertilbod på kommunens eigne nettsider. 6 prosent av kommunane har mangelfull informasjon. Resten av kommunane har varierande grad av informasjon.

Krisesentersekretariatet har laga malen som viser eit minimum av kva som bør finnast på heimesidene til kommunane, og filmen for å hjelpe kommunane oppfylle sine lovpålagte plikter. Filmen og malen skal bidra til å auka kunnskap i kommunane, som nyttig informasjon til innbyggjarane og til dei tilsette i kommunane. Malen finn du under dokument.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.