Tydeleggjer oppgåvene til kommuneoverlegefunksjonen

Den nye rettleiaren har mål om å styrke arbeidet med folkehelse og beredskap. Helsedirektoratet arrangerer webinar om rettleiaren 4. juni, som vi oppmodar kommunane om å få med seg. 

Publisert 14.05.2025

Kommuneoverlegen er den medisinskfaglege rådgjevaren i kommunane. Fleire, mellom anna Koronakommisjonen, meiner at måten kommunane nyttar rolla på, gjer at rolla blir utydeleg og for ulikt praktisert. Erfaringane frå pandemien viser også at rolla var sårbar for overbelastning i krise.

I rettleiaren får kommuneleiinga råd om korleis dei kan planlegge og organisere kommuneoverlegefunksjonen slik at kapasitet og samfunnsmedisinsk kompetanse vert nytta best mogleg.  Med rettleiaren ønskjer myndigheitene å klargjere og avgrense oppgåvene til kommuneoverlegen for å sikre at kunnskapen til kommuneoverlegen blir brukt til det beste for kommunane og befolkninga.

Rettleiaren finn du på heimesida til Helsedirektoratet: Kommunens organisering av kommuneoverlegefunksjonen og samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen - Helsedirektoratet

Helsedirektoratet arrangerer webinar om den nye rettleiaren 4. juni. Du finn meir informasjon og moglegheit for påmelding på nettstaden til Helsedirektoratet.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.