Traumebehandling er eit fagområde som krev vedlikehald og merksemd

Behandling av kombinasjonen alvorleg skade og nedkjøling krev særskild kompetanse. Ei tilsynssak som Statsforvaltaren no har avslutta, syner at det er viktig å bygge, oppretthalde og nytte spissa traumekompetanse ved eit universitetssjukehus.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 13.09.2022

Haukeland universitetssjukehus (HUS) varsla i mai 2022 om ei sak der ein turgåar hadde skada seg i ulendt terreng. Luftambulansen frakta han til HUS for behandling. Då var han ved medvit, nedkjølt, og skadeomfanget elles var uavklara. På HUS fekk han behandling i traumemottak, men overlevde ikkje.

Helseføretaket meldte saka til Helsetilsynet, i tråd med plikta til å varsla om alvorlege uventa hendingar. Statsforvaltaren opna tilsyn med hendingsforløpet, og har no konkludert i saka.

Pasienten var livstrugande skadd. Sjølv om han fekk hjelp raskt, viser saka at det i ein kompleks og uavklara situasjon er viktig å spela på all tilgjengeleg kompetanse på eit tidleg tidspunkt. Ved eit universitetssjukehus er det høg kompetanse på traumebehandling, som det er viktig at ein både nyttar og opprettheld. Desse ressursane vart ikkje nytta fullt ut i den aktuelle saka.

Statsforvaltaren er difor kommen til at deler av helsehjelpa pasienten fekk ved HUS ikkje var forsvarleg. Sjølv om dette ikkje nødvendigvis har påverka utfallet, peiker saka på viktige område med rom for kvalitetsforbetring.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar