Tilsynssak avdekte at barn ikkje fekk forsvarleg oppfølging

Statsforvaltaren har avdekt svikt i samhandling internt i helse- og barnevernstenestene i Bergen, og med den offentlege tannhelsetenesta, etter at to sysken ikkje fekk den oppfølginga dei hadde rett til. Behovet for hjelp vart først avdekt når situasjonen vart akutt.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 22.09.2022

Tilsynssaka gjeld helse- og omsorgstenester og barnevernstenester til to sysken. Statsforvaltaren vart kjent med tilhøva gjennom bekymringsmeldingar i 2021.

Vi har ført tilsyn med Bergen kommune, helsestasjons- og skulehelsetenesta og barnevernstenesta, Vestland fylkeskommune, den offentlege tannhelsetenesta, og med Helse Bergen, Psykisk helsevern for barn og unge.

I tilsynet med Helse Bergen, Psykisk helsevern og barn og unge, har vi ikkje funne brot på plikter i helselovgjevinga.

Fekk ikkje forsvarleg oppfølging

Vi har kome til at barna ikkje fekk forsvarleg oppfølging frå helsestasjons- og skulehelsetenesta, og at tenesta ikkje oppfylte den lovpålagte meldeplikta til barnevernet. Barna fekk ikkje forsvarlege tannhelsetenester i oppveksten.

Barnevernet braut plikta til forsvarleg handtering av saka i tiltaksfasen.

Vi har avdekt svikt i samhandling internt mellom tenester og i den systematiske styringa av helsestasjons- og skulehelsetenesta, den offentlege tannhelsetenesta og i barnevernet.

Konsekvensen for barna er at dei ikkje fekk oppfølging som dei hadde rett til, og at behovet for hjelp først vart avdekt når situasjonen vart akutt.

Statsforvaltaren ber om tilbakemelding frå tenestene, og vil følgje opp saka med møte med involverte tenester for å gå gjennom konklusjonane og vidare tiltak.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.