Tilsyn med helsetenester i Vestland i 2020

Føremålet med tilsyn er ikkje å straffe eller pålegge skuld, men å bidra til trygge og forsvarlege tenester som folk kan ha tillit til. Helsetenestene og helsepersonell er ansvarlege for å innretta praksis i samsvar med helselovgjevinga. Dei har òg plikt til å følgje opp alvorlege hendingar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 23.04.2021

Tilsynssaker med grunnlag i hendingar

I 2020 handsama vi 314 saker, 75 av dei på grunnlag av varsel om alvorlege hendingar i helsetenestene. Dei andre sakene vart opna på grunnlag av meldingar frå pasient eller pårørande, bekymringsmeldingar og tilhøve som kom fram på anna vis, til dømes i media eller melding frå politiet.

Vi gjorde undersøking på staden med intervju av involverte i tre saker i 2020. Dette gjaldt eit uventa dødsfall på Haukeland universitetssjukehus, covid-19-utbrotet på Metodisthjemmet i Bergen og ei alvorleg handling utført av pasient i psykisk helsevern i Helse Fonna.

I nokre saker vurderer vi det som best at tenestene sjølve går gjennom saka. I saker der vi opnar tilsyn, hentar vi inn naudsynte opplysningar frå tenestene, til dømes journal og uttale frå helsepersonell, leiarar og pasienten sjølv eller pårørande. Der tenestene vert pålagt å gå gjennom saka sjølve, vil vi i mange saker gå gjennom det arbeidet dei har gjort.

I 2020 hadde vi ei median handsamingstid på 6,4 månader i tilsynssakene. Målet er at vår avgjerd skal ligge føre innan 6 månadar. Varsla i meldeordninga skal prioriterast.

Reaksjonar mot helsepersonell

I ein del av sakene vi behandlar, har helsepersonell handla på ei slik måte at Helsetilsynet gir åtvaring, suspenderer eller trekkjer tilbake autorisasjonen deira. I Vestland mista åtte helsepersonell autorisasjonen i 2020. I tillegg vart det gitt ei åtvaring, ei avgrensing av autorisasjon og ein tapte retten til å skrive ut narkotiske legemiddel.

Planlagde tilsyn

I samband med koronapandemien måtte vi avlyse planlagde tilsyn med kommunale helse- og omsorgstenester og spesialisthelsetenestene i mars til august 2020. Tilsyn hausten 2020 vart tilpassa smittesituasjonen. Nokre tilsyn vart avlyste grunna nye utbrot. Under pandemien har vi følgt opp kommunane og spesialisthelsetenestene med rettleiing og samordning med minst like store ressursar som vi ville brukt på tilsyna vi ikkje fekk gjort. 

Vegen vidare

Vi har god erfaring med undersøking på staden med intervju, og tek sikte på å bruka denne framgangsmåten meir i tida som kjem. Etter kvart som smittesituasjonen tillèt det, vil vi auke den planlagde tilsynsaktiviteten med tenestene. Både ved undersøking av einskilde hendingar og planlagde tilsyn legg vi stor vekt på å få fram opplysningar og synspunkt frå pasientar og eller pårørande.

Les også følgjande saker om tilsyn i fjor:

Alvorlege hendingar i helsetenestene i 2020

Statsforvaltaren kontrollerte fleire tvangsvedtak i 2020

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.