«Snoking» i pasientjournalar

Fylkesmannen har hatt fleire tilsynssaker som gjeld såkalla «snoking» i pasientjournalar, det vil seie at helsepersonell utan lov gjer seg kjent med opplysningar i ein pasientjournal.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 27.12.2018

I helsepersonellova § 21a står det:

 «Det er forbudt å lese, søke etter eller på annen måte tilegne seg, bruke eller besitte opplysninger som nevnt i § 21 uten at det er begrunnet i helsehjelp til pasienten, administrasjon av slik hjelp eller har særskilt hjemmel i lov eller forskrift.»

Denne føresegna har som formål å styrke teieplikta mellom helsepersonell og internt i helsetenesta.

Kva inneber forbodet?

Føresegna inneber mellom anna at helsepersonell ikkje kan lese i journalen til ein pasient som dei tidlegare har behandla når helsepersonellet ikkje lenger har noko ansvar for helsehjelp til pasienten, dersom ikkje slik lesing er heimla i lov eller forskrift. Samtykke frå pasienten kan vere døme på ein slik heimel, jf. helsepersonellova § 22.

Forbodet mot å inneha opplysningar inneber også at dersom ein får ei feilsending anten i elektronisk form eller i papirform, så har ein plikt til å levere attende eller destruere opplysningane på ein sikker måte. Ved klåre feilsendingar bør ein også gjere avsendar merksam på at opplysningane er blitt sende til feil person.

Ein elektronisk pasientjournal har ein logg som viser kven som har vore inne og sett i journalen. Denne loggen blir rekna som ein del av pasientjournalen. Pasienten har dermed rett til å få oversikt over kven som har sett i hans/hennar pasientjournal.

Kva skjer om helsepersonell "snokar"?

Ei tilsynssak der helsepersonell har brote forbodet i helsepersonellova § 21a vil som regel ende med åtvaring frå Statens helsetilsyn.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.