Seminar om seniorpersonell i helsesektoren

Korleis kan satsing på seniorar i helsesektoren kan bli ein del av løysinga på helsepersonellutfordringane, var tema på eit seminar Helsedirektoratet arrangerte 23. mai. Du kan sjå opptak av seminaret. 

Publisert 26.04.2023, Sist endra 26.05.2023

Helsesektoren står overfor store utfordringar på grunn av den demografiske utviklinga med ei aldrande befolkning og færre i arbeidsfør alder. Eldre arbeidstakarar har viktig erfaring og kompetanse som har stor verdi for arbeidslivet og samfunnet. Dette gjeld også i helsesektoren. Det er viktig å vareta helsepersonell i alle aldrar, og kjenne til motivasjonsfaktorar som får eldre personell til å bidra lenger i arbeidslivet.

Opptak av webinaret finn du på heimesida til Helsedirekotatet.

På webinaret presenterte Oslo Economics AS rapporten Hva motiverer eldre arbeidstakere i helse- og omsorgstjenesten til å stå lengeri jobb?

Målgruppe er leiarar innan helse og omsorg, helse- og omsorgspersonell, avgjerdstakarar i kommunar og regionar, personar som jobbar med personellplanlegging i helsesektoren og andre sektorar, arbeidslivsorganisasjonar, frivillige organisasjonar og andre.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.