Råd om korleis vaksne kan snakke med barn om krig og frykt for atomulykker

Helsedirektoratet og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har utarbeidd råda, som gjerne kan delast på kommunane sine heimesider og i andre kanalar.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 10.11.2022

Den usikre situasjonen i Europa og faren for atomulykker kan verke skremmande for både vaksne, ungdommar og barn. Helsedirektoratet og Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS) har utarbeidd råd om korleis vaksne kan snakke med barn om krig og frykt for atomutslepp:

  • Hald deg informert og oppdatert
  • Når du blir trygg, blir barna trygge
  • Normaliser reaksjonane til barna
  • Spør kva barna lurer på, og svar så godt du kan
  • Gi pausar frå bekymring – hald på kvardagen

Råda er retta mot både foreldre, omsorgspersonar og profesjonelle slik som lærarar, barnehagetilsette og helsepersonell. Les utfyllande råd i lenkjene under.

Sjå også opptak av webinar frå mars 2022 om «Hvordan snakke med unge som er bekymret for krigen».

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.