Oppdateringar i nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skolehelsetjenesten

Det er gjort fleire endringar i retningslina for at ho skal samsvare med forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Endringane gjeld frå 7. februar 2019.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.03.2019

Alle endringane i retningslina finn du samla i dette dokumentet: «Oversikt over endringer i nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skolehelsetjenesten».

Frå endringane nemnar vi:

  • Ny kjønnsnøytral tittel «helsesykepleier» er teken inn.
  • Kapitlet om opplysningsplikt er oppdatert, og det er lagt til to nye tilrådingar:
    • Arbeidsdokument i skolehelsetjenesten
    • Måling av hodeomkrets i helsestasjon 0-5 år
  • Retningslina for veging og måling er under revisjon.
  • Tilråding om måling av hodeomkrets har vore prioritert då mange friske barn med stor hovudomkrets har vorte tilviste til spesialisthelsetenesta for utgreinga. Helsedirektoratet tilrår å bruke vekstkurven frå Vekststudien i Bergen for vurdering av hovudomkrets blant barn 0-2 år. For meir informasjon, sjå artikkelen «Ny vekstkurve for hodeomkrets blant barn 0-2 år» på nettsida til Helsedirektoratet.