Nye reglar om tilsyn med helsetenesta

Frå 1. juli 2022 gjeld nye reglar for tilsyn med helsepersonell og helsetenesta. Tilsyn blir meir risikobasert. Formålet er at tilsyn skal bidra til pasient- og brukartryggleik og tillit til helsetenesta og helsepersonell.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 29.06.2022

Dei nye reglane får betydning for korleis Statsforvaltaren prioriterer. Det blir slutt på at pasientar, brukarar og pårørande kan be om vurdering av lovbrot. Dei nye reglane gir framleis rett til å be om tilsyn, men det er Statsforvaltaren som avgjer om og korleis vi følgjer opp ein slik førespurnad. Til dømes vil vi no sjå fleire saker der helsetenestene sjølv må gå gjennom sine rutiner og gjere eventuelle endringar.

Det blir òg lovfesta at helsetenesta må svare pasientar, brukarar og pårørande på spørsmål om kvalitet i tenesteytinga.

Åtvaring til helsepersonell fell vekk som reaksjonsform, men Statsforvaltaren kan gi helsepersonell eit fagleg pålegg, til dømes kurs eller rettleiing. Statsforvaltaren får òg mynde til å pålegge arbeidsgjevar å legge til rette for gjennomføring av pålegget overfor tilsette. Tilsvarande gjeld overfor kommunane når det gjeld fastlegar.

Dei nye reglane kan du lese meir om i lovvedtaket frå Stortinget.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.