Ny meldeordning for alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenestene

Ordninga strammar inn fristar, stiller tydelegare krav til oppfølging og skal sikre betre læring etter alvorlege hendingar. Meldeordninga er planlagt blir innført 1. juli.

Publisert 27.03.2026

Lovendringa får følgjer for korleis verksemdene skal følgje opp alvorlege hendingar.

Meldefrist på fem dagar

Tenestene skal sende melding om alvorlege hendingar snarast mogeleg, og seinast innan fem dagar.

Meldeplikta etter alvorlege hendingar i helse- og omsorgstenesta gjeld for alle verksemder som yt helsehjelp. Den omfattar spesialisthelsetenesta, kommunal helse- og omsorgsteneste, private tenesteytarar, tannhelsetenester og andre verksemder som yt helse- og omsorgstenester.

Tre månaders frist for å sende rapport

Verksemdene får ein frist på tre månader til å sende inn ein rapport til Statsforvaltaren.

Rapporten til Statsforvaltaren skal innehalde:

  • gjennomgang av hendinga og moglege årsaker,
  • kva tiltak verksemda skal gjere for at liknande hendingar ikkje skal skje igjen,
  • korleis pasienten, brukaren, næraste pårørande og aktuelt helsepersonell er følgt opp og involvert i forbetringsarbeidet.

Kva skal tenestene melde?

Hendingar som tenestene skal melde er dødsfall eller svært alvorleg skade på pasient eller brukar som har samanheng med helsehjelpa, eller der ein pasient eller brukar skadar ein annan, og utfallet er uventa ut i frå pårekneleg risiko. Kriteria er dei same som i dagens varselordning.

Meldingar om alvorlege hendingar vil gå til Statsforvaltaren og Ukom, med kopi til Helsetilsynet. Statsforvaltaren skal rettleie og støtte verksemdene i deira oppfølging av alvorlege hendingar og prosessen kring kvalitetsforbetring, ikkje primært granske enkelthendingar.

Digitalt møte om meldeordninga 5. juni

Vi inviterer til eit digitalt møte om den nye meldeordninga 5. juni, frå 09.00-12.00. For å delta på møtet melder du deg på via nettstaden vår: Digitalt møte om ny meldeordning

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.