Mann som var sikta for drap hadde fått forsvarleg helsehjelp

I september gjekk ein mann til angrep på to tilsette ved eit Nav-kontor. Statsforvaltaren har vurdert om mannen fekk forsvarleg helsehjelp og oppfølging i åra før hendinga. Vår vurdering er at helsehjelpa frå alle tenestene var forsvarleg.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 04.11.2021

Etter hendinga, der den eine personen døydde og den andre vart alvorleg skadd, har vi på eige initiativ gått gjennom journal frå alle helseinstansane mannen hadde hatt kontakt med etter at han flytta til Bergen i 2013. I desse åra hadde han fått helsehjelp ved psykiatrisk sjukehus, distriktspsykiatrisk senter, legevakt og fastlege, men ikkje vore i kontakt med helsevesenet det siste året.

Fekk hjelp etter episode

Mannen hadde sporadisk kontakt med helsevesenet i 2013 og 2014. Etter ein episode i 2015 der mannen viste kniv og bad om hjelp, men ingen kom til skade, vart han lagt inn akutt ved psykiatrisk sjukehus for frivillig behandling. Han viste ikkje teikn til valdeleg åtferd under innlegginga. Det vart gjort enkle valdsrisikokartleggingar under opphaldet, der valdsrisikoen ikkje vart vurdert som forhøgja. Då vi gjekk gjennom journalen fann vi heller ikkje andre kjende tilleggsfaktorar som talte for valdsrisiko, som til dømes tidlegare vald. Etter utskriving hadde mannen poliklinisk oppfølging det neste året, før den vidare oppfølginga vart overført til fastlege. Han avslutta sjølv oppfølginga hjå fastlegen våren 2017.

Behandling og oppfølging var frivillig

Gjennomgang av journalen frå alle dei involverte tenestene viser at symptoma og lidingane mannen hadde vart tekne på alvor og følgd opp. Det kjem ikkje fram opplysingar eller bekymringsmeldingar som gav grunn for eit anna tilbod og vi har ikkje funne teikn til at det var naudsynt å bruke tvang. Oppfølginga var i hovudsak basert på samarbeid, fri vilje og kontakt ved behov.

Vår vurdering er at helsehjelpa, ut frå den kjennskapen helsevesenet hadde til mannen, har vore forsvarleg ved alle dei involverte helsetenestene.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar