Krevjande fastlegesituasjon i Vestland

Det er vanskar med å rekruttere fastlegar og vikarar i Vestland, og kommunane fortel om ei forverring i rekrutteringssituasjonen det siste halvåret.  

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 20.04.2022

Statsforvaltaren i Vestland arrangerte i mars eit møte med kommunane om rekruttering og stabilisering av fastlegeordninga. Bakgrunnen for møtet er ei aukande bekymring om vanskar med å rekruttere og behalde fastlegar i Vestland. I møtet deltok både fastlegar, kommuneoverlegar og anna personell i kommunane som arbeider med rekruttering av fastlegar, i tillegg til Helsedirektoratet og Allmennlegeforeningen. Målet med møtet var å få innspel som kommunane kan nytte seg av i rekrutteringsarbeidet, samt å få ei god forståing av kva konsekvensar rekrutteringsmangelen har i kommunane.

Aukande rekrutteringsvanskar

Kommunane fortalde i møtet at det er færre søkjarar til ledige fastlegeheimlar enn før. Trass i at kommunane tilbyr valfridom mellom næringsdrift og fastlønsavtale ved utlysing av fastlegeheimlar, er det få søkjarar. Det er også vanskelegare å skaffe vikar i ledige heimlar. Kommunane opplever at dette har forverra seg dei siste 6-12 månader.

Kartlegging

Vi sende ut ei kartleggingsundersøking i etterkant av møtet. 28 av 43 kommunar svara. I desse kommunane er det totalt 537 fastlegeheimlar. 28 av heimlane vert betent av vikar, og 10 heimlar stod utan lege. Om lag halvparten av kommunane opplyste at dei har forsøkt å rekruttere legar til nyoppretta heimlar utan å lukkast i å få tilsett lege. Formålet med oppretting av nye heimlar er både å auke listekapasitet i kommunen og å redusere listelengd til andre fastlegar i kommunen.

Auka involvering frå kommunane

I møtet vart det drøfta ulike tiltak kommunane kan gjere både kort sikt og lengre sikt for å auke rekrutteringa til fastlegeyrket. Auka involvering frå kommunar i tilsettingsprosess i LIS1-stillingar kan vere eitt tiltak for å betre rekrutteringa. I Helse Førde sitt nedslagsfelt har kommunane hatt positive erfaringar med å leggje vekt på lokal tilhøyrsle  og interesse for allmennmedisin i tilsettingsprosess. Likevel har ein også her utfordringar med å rekruttere fastlegar.

Fleire pasientar har ikkje ein reell fastlege

Rekrutteringsvanskane fører til at fleire innbyggarar no ikkje har ein reell fastlege. Mange lister vert betjent av vikarar, og det varierer kor lenge vikarane er til stades. Dette fører til at desse pasientane ikkje kan nytte seg av digitale tenester som e-konsultasjon og elektronisk timebestilling og reseptbestilling. Det er også kome melding frå Nav om at det er meir tidkrevjande å hente inn medisinske opplysningar i samband med søknad om arbeidsavklaringspengar (AAP) og uførestønad hjå pasientar utan fastlege. Spesialisthelsetenesta har uttrykt uro om pasientar får den oppfølginga dei skal ha etter utskriving frå sjukehus, når det er usikkert kven fastlegen er. Når kommunane no skal busette flyktningar frå Ukraina, vert kapasiteten i fastlegeordninga utfordra enno meir enn før. 

Pasientane sjølve uttrykkjer misnøye med hyppig skifte av legar, og dårleg kontinuitet i lege-pasient- forholdet. Kommunane brukar til ei viss grad legar som ventar på LIS1-teneste som vikarar, men kor lenge desse legane har refusjonsrett frå HELFO set grenser for kor lenge dei kan nyttast. Også desse legane krev mykje rettleiing frå erfarne kollegaer.

Det er viktig å behalde spesialistane, i tillegg til å rekruttere nye legar

Kommunane viser til at tiltak i Handlingsplan for allmennlegetjenesten til no ikkje har hatt god nok effekt til å løyse rekrutteringsvanskane. Nokre tiltak, som ALIS-ordninga, fører til auka ressursbruk til administrasjon, og behov for rettleiing frå attverande spesialistar i allmennmedisin. Det er såleis svært viktig å behalde spesialistar i allmennmedisin i kommunane, i tillegg til å rekruttere nye legar.

Statsforvaltaren vil halde fram med å formidle tiltak i tråd med Handlingsplanen for allmennlegetenesta. Det kom i kartleggingsundersøkinga fram at tiltaka i handlingsplanen ikkje er verksame nok, og at meir effektive tiltak er påkravd. Mellom anna fekk vi tilbakemelding om at tiltak som fører til færre arbeidsoppgåver er naudsynte. Endra finansiering av fastlegeordninga vart også framheva som viktig. Kommunar som tilbyr fastløn for å rekruttere nye legar får no auka utgifter.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar