Innsyn, retting og sletting i pasientjournal

Pasient- og brukarrettslova gir pasientar og brukarar rett til å be om innsyn, retting og sletting i eigen pasientjournal. Innsyn skal som hovudregel vere gratis.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.01.2019, Sist endra 11.02.2021

Stortinget kunngjorde 15. juni 2018 avgjerd om å innlemme personvernforordninga (GDPR - General Data Protection Regulation) i Norges lov (i Norges EØS-avtale). Personvernforordninga skal sikre full harmonisering av personvernreglane for heile EU- og EØS-området.

For innsynsretten etter pasient- og brukarrettslova vert viktigaste endring at innsynsretten no som hovudregel skal vere gratis. Det er difor ikkje lenger heimel for å ta gebyr som tidlegare (Normaltariffen, kapittel II, B, takst 5) med mindre det ligg føre særlege tilhøve.

Innsyn i journal

Ein pasient, eller ein representant for pasienten, har rett til innsyn i eigen journal, jf. pasient- og brukarrettslova § 5-1, jf. personvernforordninga artikkel 15. Den som er ansvarleg for journalen har plikt til å gi innsyn, jf. helsepersonellova § 41. Pasienten har i den anledning krav på kopi av journalen og innsyn skal som hovudregel vera gratis, jf. personvernforordninga artikkel 15 nr. 3.
 
Innsynsretten er ein pasientrett og pasienten har klagerett, jf. pasient- og brukarrettslova § 7-2. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal først handsamast av den som har teke stilling til kravet.

I praksis

Pasienten må be helsepersonellet som har ført journalen, eller journalansvarleg, om innsyn. Om det ikkje ligg føre særlege tilhøve skal pasienten kunne få innsyn i alle opplysingar. Det er som hovudregel ikkje anledning til å ta gebyr for slikt innsyn.
 
Dersom helsepersonellet avslår kravet, heilt eller delvist, skal pasienten få melding om dette vedlagt skriftleg grunngjeving. Pasienten kan klage over avslaget til Statsforvaltaren. Klagen skal likevel først sendast til den som har teke stilling til kravet. Dersom helsepersonellet opprettheld avgjerda må helsepersonellet sende kopi av relevant del av journalen vedlagt relevant grunngjeving til Statsforvaltaren som då treffer endeleg avgjerd.

Retting eller sletting i journal

Ein pasient, eller ein representant for pasienten, har rett til å be om at journalopplysingar vert anten retta eller sletta, jf. pasient- og brukarrettslova § 5-2, jf. personvernforordninga artikkel 16. Den som er ansvarleg for journalen har plikt til å vurdere og ta stilling til om vilkåra for retting og/eller sletting vert stetta, jf. helsepersonellova §§ 42-44.
 
Retting og sletting i pasientjournalen er ein pasientrett og pasienten har klagerett, jf. pasient- og brukarrettslova § 7-2. Journalopplysningar kan berre rettast eller slettast i dei tilfelle vilkåra er stetta, jf. helsepersonellova §§ 42 og 43. Statsforvaltaren er klageinstans, men klagen skal først handsamast av den som har teke stilling til kravet.

I praksis

Pasienten må be helsepersonellet som har ført journalen, eller journalansvarleg, om retting og/eller sletting. Pasienten må utforme kravet konkret slik at det vert mogleg for helsepersonellet å ta stilling til kravet. Ei god framgangsmåte er å lage ei nummerert liste med konkrete krav om kva som skal rettast eller slettast og kvifor.
 
Dersom helsepersonellet avslår kravet, heilt eller delvist, skal pasienten få melding om dette vedlagt skriftleg grunngjeving som også skal førast i pasientjournalen. Pasienten kan klage over avslaget til Statsforvaltaren. Klagen skal likevel først sendast til den som har teke stilling til kravet. Dersom helsepersonellet opprettheld avgjerda må helsepersonellet sende kopi av relevant del av journalen vedlagt relevant grunngjeving til Statsforvaltaren som då treffer endeleg avgjerd.

Pasient og representant

Det er pasienten sjølv, eller den som lovleg representerer pasienten, som har desse rettane. Representasjon dokumenterast vanlegvis gjennom samtykke (skriftleg fullmakt), anna gyldig lovheimel eller anna gyldig rettsgrunnlag. Om ein advokat representerer pasienten i ei sak treng advokaten vanlegvis ikkje fullmakt.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.